Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Blindheim motstandar i morgon

A-laget møter Blindheim/Emblem i årets andre vinterseriekamp for sesongen på Herd kunstgras i morgon. Det kan raskt bli ei hard nøtt å knekke for Stranda då vinnaren av fjorårets 4.divisjon stiller sterkt.


I motsetnad til det juniortrenar Endre Kjølås uttalte tidlegare denne veka, om at få juniorspelarar skulle vere med på kampen - for å spare dei til storkampen mot Valder i juniorkvaliken, har Leidulf Årvik tatt med dei aller fleste. Alle a-juniorane stiller, minus Vangen-brørne. I tillegg er Frode Hagebakk ute, men til gjengjeld er Nils Petter Dyrkorn med igjen - saman med ein svensk spelar som førebels er ukjend for oss.

A-laget har gjort det ok så langt i oppkøyringa, siger over Godøy og eit knepent tap for Skavøypoll er ikkje så verst. Samtidig er det fyrst laurdag at ein møter motstand som blir å finne i 3.divisjon i år, strandafotball.no er sv&aellig;rt spente på kva utfallet av denne kampen blir.

Vi fylgjer sjølvsagt kampen, og kjem med referat i løpet av laurdagen!

Skrive av Martin Utgård, 18.02.2005 21:31
10 siste: