Harry Hovde og Nils Espelund vart nye banesjefar for Stranda Stadion i sesongen 2005. Nesten heile organisasjonen for anlegg og baner kom på plass under møtet torsdag kveld.
Hovde som er ei av dei største ildsjelene i Stranda Fotball gjennom mange tiår skiftar “beite” frå å vere hovudtrenar på ulike lag til å ta seg av ein anna viktig del av fotballen, nemleg skikkeleg anlegg! Hovde vert banesjef for hovudbana.
Espelund som har vore i banenemnda i fire år og er 25 år vert den første banesjefen for kunstgrasbana.
I organisasjonen skal det vere eit eige klippeteam. Det skal vere eige merketeam og ein skal ha prosjektgrupper.
Utvalget vart einige på møte om å sjekke muligheitene for å bygge nye innbyttarbur for hovudbana. Dette prosjektet har vore diskutert i fleire år og ein ønsker no og realisere det :)
For det øvrige utvalget vil vi kome tilbake med namn om kort tid.