Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Svak innsats av juniorlaget

Juniorlaget spelte ein grei første omgang, men med svakt forsvarsspel og dårleg innsats i andre omgang vart det ein fortent siger til Sandelaget. Dermed ser det mørkt ut for 1.divisjonsspel på juniorgruppa i år…


Stranda opna bra, og gjekk rett i angrep. Ronnie Furset avanserte langs høgrekanten, la ei fin pasning ut til Yngve Midthjell, og dermed 1-0 til Stranda etter 6 minutt! Etter den flotte opninga fortsatte Stranda å føre kampen, fleire nesten-angrep og nokre svake avslutningar var likevel alt ein greidde å skape første halvdelen av omgangen.

Etter 20 minutt kom sjokket. Innkast til Sandelaget på venstresida til Stranda, kastet blir teke raskt, og det endar med eit innlegg som går rett i mål…! Ikkje bra keeperspel her…
Vidare mot pause var det Sandelaget som hadde sjansane, to gongar svikta press og forsvarsspel, og ein Sande-angripar fekk springe gjennom. Heldigvis bomma han begge gongane..

Pause. Stranda klart best første 20 minutta, etter det var Sandelaget meir enn godt med - og hadde store sjansar i tillegg til utlikninga.

Stranda gjekk ut i 2.omgang med samme oppstilling som den som avslutta 1.omgang, utan at det hjalp stort. For, det var gjennom heile omgangen Sandelaget som fekk sjansane- om Stranda hadde speleovertaket. Om lag ti minutt etter pausen kom målet vi frykta. Eit innlegg frå høgre hamnar hos ein umarkert Sande-spelar, som flott avslutta utagbart i venstre hjørne for Aril Ravnøy. Rett etterpå var Stranda n&aellig;r ei utlikning, Kristian Skaar hadde ein kjempesjanse, men headinga frå 3 meter vart for svak og upresis…!

Stranda ofra meir og meir utover i omgangen for å få eit mål, mellom anna flytta ein presset langt høgre. Dette førte til store kontringssjansar til Sandelaget, og 4 minutt før slutt skora dei på ein av desse, etter at ein spelar fekk springe frå eigen banehalvdel og avslutte. Aril Ravnøy redda fint, men returen vart sikkert plassert i mål…

Oppsummering
Dårlig innsats, mangel på offensive rørsrler og generelt for dårlig presisjon i det meste førte til få sjansar - og dermed få mål. Forsvarsspelet var heller ikkje akkurat solid, og det mot ein motstandar eit toppa Stranda-lag burde i det minste ha vunne mot, om ein satsar på 1.divisjon.
Håkon Mjønes spelte godt på høgreback, og var eigentleg den einaste kandidaten til kåringa “beste strandaspelar”!

Lagoppstilling:
Aril Hagen Ravnøy
Håkon Mjønes, Anders Tronstad, Kim Vangen, Alf-Henning Drage
Roger Skarbø, Stig Tore Lied, Yngve Midthjell, Gunnar Espelund
Ronnie Furset, Kato Vangen

Innbytarar:
Kristian Skaar, Christoffer Sve, Martin Maråk, Jan Kristian Behrentz, Steffen Lilleås

KOMMENTARAR HENTA FRÅ DET GAMLE STATISTIKKSYSTEMET:
- andreas & torgeir - 18.02.2005 kl 22:03
bør ikkje jan kristian få seg eit etternamn snart?

- andreas johann=) - 31.01.2005 kl 14:57
ja ej veit d=)

- “Geiranger-skabben” - 31.01.2005 kl 12:36
og Johann, ikkje klag på stranda, hødd gjeng d te helvete med dinna sesongen her likevel! :)

- “Geiranger-skabben” - 31.01.2005 kl 12:28
jau, guta d va no tett før d gjekk. Eg legg skylda for d dårlege resultatet på Zenun Murati…

- Andreas johann:) - 31.01.2005 kl 00:03
herli gutta=) ehmm nei.. trur om første divisjon no da?

- Ronnie - 30.01.2005 kl 22:43
Lille Utgård, det e ikke e som sett opp laget å forsvararar he vi vel nok av….

- Stig “Torri” Lied - 30.01.2005 kl 15:58
hadde ikje dinna Maråk vør så treig hadde oss ikje sluppe inn ditta sistemålet….hehehe :p
Neida Maråk……du e en knusar…både du og Utgård

- Martin (treige) Maråk - 30.01.2005 kl 00:17
Heim i skam nok en gong…..

- Martin - 29.01.2005 kl 20:20
Hehe,i og med at e har lagt opp, så tvila e på at Kjølås noken gang fe sjå me putte igjen…:D menmen…
Samtidig må e fortelle de en ting, medel: Kom de bak i forsvar! NO!

- Håkon - 29.01.2005 kl 19:43
kaffor du ikkje e me da martin? laget treng en skikkeli storcorar, ser d ut til..

- Ronnie - 29.01.2005 kl 19:12
Laget ekje toppa så lenge du ikke e med veit du Utgård!!:D

- Martin - 29.01.2005 kl 18:59
Skuffa over innsatsen i dag…Trudde at eit toppa juniorlag skulle spele betre…menmen:p

Skrive av Martin Utgård, 29.01.2005 18:37
10 siste: