Laurdag startar junior-kvalifiseringa for spel i 1.divisjon, Stranda møter Sandelaget. Dette er ein nøkkelkamp med tanke på spel i 1.divisjon, berre siger er godt nok!

Stranda stiller med toppa lag, om vi ser vekk frå ein skada Iver Krohn, som nok ville ha okkupert anten høgre- eller venstrebackplassen om han var skadefri. Likevel, sjølv utan Iver bør laget vere godt nok til å slå Sandelaget!
Vi trur at Stranda stiller i ein 4-4-2 formasjon, med Aril Hagen Ravnøy bakerst. Trass småskadar stiller han i mål, noko som gjer at Roger Skarbø kan ta plass ute. Vårt tips til startoppstilling inkluderar stortalent som Vangen-brørne, Steffen Lilleås og i tillegg “erfarne” A-spelarar som Furset, Lied og Midthjell.
Om Sandelaget veit vi ikkje all verdens, om vi ser vekk frå at Sandelaget slo Sulalaget 2-1 forrige søndag - og etter
msil.no sitt referat å dømme, er dei ikkje uslåelege, akkurat.
Difor forventar vi siger, alt anna vil vere skuffande frå den talentfulle juniorgruppa!
Stranda (truleg startoppstilling)
Aril Hagen Ravnøy-
Kim Vangen, Anders Tronstad, Yngve Midthjell, Alf-Henning Drage-
Steffen Lilleås, Stig Tore Lied, Roger Skarbø, Gunnar Espelund-
Kato Vangen, Ronnie Furset
Troppen
Aril Hagen Ravnøy (K), Roger Skarbø, Martin Maråk, Kim Vangen, Kato Vangen, Kristian Skaar, Stig Tore Lied, Ronnie Furset, Anders Tronstad, Håkon Mjønes, Alf-Henning Drage, Yngve Midthjell, Steffen Lilleås, Gunnar Espelund, Eivind Rønneberg, Christoffer Astad Sve